| Siste nytt:
Aktuelt |
26.01.2012
Sesilåmi 24. mars
Nå er førebuingane til årets Sesilåmi godt i gang frå arrangørane si side. Vi håpar dykk er godt i gang med å legge treningsgrunnlaget. Det hadde vore moro med rekordmange påmeldte medlemmar i år!
I år blir det stor dugnad eit par kveldar i veka før rennet for å klargjera konvoluttane i tillegg til dugnaden på sjølve renndagen.
Så til vår dyktige og positive dugnadsgjeng, sett av datoen!
Påmelding Sesilåmi
|
26.01.2012
Aktivitetar i Brokke
Følg med på kalenderen til Brokke skisenter. Det skjer mykje for alle i alle aldrar.
Kalender Brokke
|
26.01.2012
Telenorkarusellen på Heistad
Nå startar skikarusellen i ljosløypa på Heistad.
Oppmøte kl 18 føljande dagar:
Måndag 30.01
Tysdag 07.02
Onsdag 15.02
Torsdag 23.02
Tolhomrenn på Tangen den 11. mars.
Prisar:
Kr 30,- for barn
Kr 50,- for vaksen
Kr 100,- for familie
For å få premie må ein delta på 3 av 5 renn.
I tillegg er det eiga premiering for å delta på Tolhomrennet.
Frivillig tidtaking.
Alle er velkome!
|
19.12.2011
Sponsing av årskort i Brokke alpinanlegg sesongen 2011/2012
Bygland IL sponsar også i år kjøp av årskort ved Brokke alpinanlegg for sesongen 2011/2012, nå med kr. 1000,-.
Dette gjeld berre for idrettslaget sine medlemmer som har betalt kontingent for gjeldande år og som er fastbuande i Bygland kommune.
Sponsinga gjeld for barn/ungdom opp til 18 år samt studentar.
Kopi av årskort samt kontonr. sendast/leverast til
Bygland IL v/ Jørund Kvaale innan 01.02.2012.
NB! Utbetaling vil bli gjort i februar.
|